Historikk

Litt om oss...
Fåvang Musikkforening vart skipa den 11.01.1913, og har sidan den gongen vore det faste musikkinnslaget i bygda vår her i Gudbrandsdalen. Det var A.G Fretheim og musikk-fanejunker Anton Dalseg som fann ut at det var på tide bygda fekk sitt eige musikklag. Det vart kalla inn til møte, og fleire interesserte møtte opp, ein del av desse kunne òg vera med å stille ein garanti på 700 kronar for eit banklån til kjøp av instrument, ein stor sum den gongen.
I det fyrste styret ingjekk O. O. Thujord, formann, O. M. Romsås, Per Mæhlum, G. M. Tofte, O. P. Nordrum og Øyvind Berge. Anton Dalseg vart sjølv dirigent fram til han døyde in 1924. Det fyrste øvingslokalet var på eit loftsrom hjå skreddar Hans Morken.
I tidlegare tider var det ikkje nødvendigvis slik at ein fekk velja det instrumentet ein ønskja seg, dei som budde nærmast Fåvang sentrum fekk dei største og tyngste instrumenta, medan dei som budde lengst unna, fekk dei minste og lettaste. Det var altså fyrst etter at bilen kom, at folk kunne spele på det instrumentet dei ville!
Fåvang Musikkforeining var tydelegvis eit populært innslag i bygda, nok til at dei fekk skipa Fåvang Guttemusikk i 1952, og som starta opp i 1953 på nyåret.
Uniformar fekk musikkforeininga fyrst i 1953, grå med svarte band langs buksene og jakkeermane. Det har vorte mange nye uniformar sidan den gongen, og dei nyaste er no heilt svarte med raude band og flat lue med skygg. Kvite hanskar er det òg!
Gjennom åra har vi spelt på mang ein 1. og 17 mai, i tillegg til årlege julekonsertar i Fåvang kyrkje. Elles har vi vore på musikkturar til utlandet, korpstreff i innlandet, og sett opp konseertar med alt frå Elton John, Beatles, Abba og mykje meir.
I dag er vi eit aktivt korps med 29 medlem, og med musikkantar i alle aldersgrupper, frå ungdoms og vaksenalder, til ivrige pensjonistar med sans for takt og tone. I dei siste åra har musikkforeininga òg fått gleda av å fått med korpsinteresserte frå fleire land rundt om i Europa.